Røldalsrennet 2. januar 2021

Røldal IL ynskjer velkomen til langrenn klassisk stil i Røldal, laurdag 2. januar 2021. 

Start frå Røldal grendahus kl. 11.00 for klassane 8-14 år (kohort 1), og kl. 14.00 for klassane 15 år og eldre (kohort 2). Rennkontor same stad. 

På grunn av smittevern er det ved snømangel ikkje aktuelt å flytte rennet til andre stadar enn Korlevoll. Klassisk stilart for alle klassar. 

Røldalsrennet er i år dessvere på grunn av Covid-19 kun forbeholdt løperar i Hordaland skikrets.

Klasseinndeling: 

8-10 år: 1 km 

11-12 år: 2 km 

13-14 år: 3 km 

15-16 år: 5 km 

Junior og senior kvinner : 5 km 

Junior og senior menn : 10 km. 

Påmelding innan 28. desember på minidrett eller Hordaland Skikrets si heimesida. Startkontingent etter Norges Skiforbund sine satsar. 

Det vert ikkje anledning for etterpåmelding. 

Alle foreldre/ støtteaperat må hugse å melde seg på via minidrett. Hugs å melde deg på i rett kohort då ein ikkje kan delta i begge kohortane.   

Meir informasjon om rennet vert lagt ut på heimesida til Røldal IL og på Facebook når rennet nærmar seg.

Kontaktadresse : roldalidrettslag@gmail.com 

Rennleiar : Odd Ivar Medhus tlf. 48 99 73 27. 

Velkomen til ein fin skidag i Røldal ! Røldal IL – skigruppa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *